Lidal

Lidal kraftverk er eit av seks kraftverk i Fjærland som Småkraft AS bygger for Sognekraft AS. Lidal kraftverk vil nytte vatnet frå Breisetelvi og Kvanndøla som munnar ut ved Lidal. Vatnet frå dei to elvane samlast og blir ført i felles grøft og sjakt/tunnel ned til kraftstasjonen. Stasjonsbygget blir utført som eit portalbygg i fjellhall. Dette bygget skal og huse Sognekraft Nett sitt transformerings- og brytaranlegg som skal ta i mot krafta frå alle dei seks anlegga i Fjærland.

Status mars 2016
Tunnelen er ferdig og arbeidet med fundamentering for bygget er starta. Boring av pilothol for sjakta frå området ved Breiset til tunnelen er ferdig, og entreprenøren er i gang med å rømme opp sjakta til endeleg dimensjon, Ø=770 mm.

Status februar 2016
Tunnelen er ferdig driven, og lekteren med all tunnelrigg er slept vidare til Roomøyri og ankra opp der. Boringa av pilothol for sjakta frå området ved Breiset til tunnelen er om lag halvveges nede. Det vert no oppstart for grunnarbeidet for sjølve bygget som skal hyse kraftstasjon og 132 kV nettanlegg.

Status november 2015
Ein har no drive nesten 700m meter av 1400 meter tunnel. Dessutan har ein rigga klart for boremaskina på fjellet som skal bora trykksjakt derifrå og ned i tunnelen.

Status september 2015
Forskjæring/stasjonstomt er ferdig opparbeidd og klar for tunneldriving.

Teknisk informasjon

Nedbørsfelt
Minstevannsføring

 

Inntakskote
Kraftstasjonkote
Fallhøyde
Produksjon
Tilsvarer

8,1 km2
Kvanndøla:
sommer: 140l/s vinter: 30l/s,
Breisetelvi:
sommer: 60l/s vinter: 15l/s
640 m
4,5 m
635,5 m
24 GWh
1200 husstander