Velkommen til oss

Sjå meg, hør meg...for eg er UNIK!

Toftøy barnehage er ein privat barnehage som starta opp 1. august 2012.
Me er ein stor barnehage i eit flott moderne bygg. Barnehagen har plass til 120-130 barn.

Me ligg sentralt på Toftøy i Øygarden kommune. Barnehagen er delt inn i 3 fløyar.

Det er tett samarbeid innad på kvar fløy, og eit utstrakt samarbeid mellom personalet på heile huset.
Barnehagen har eit unikt uteområde som gjev mulighet for utfordrande og spennande leik for alle aldersgrupper.

Det er variert terreng, grillhytte og ulike skjerma områder der barna kan ”gøyme seg vekk” for å leke i mindre grupper.

Barnehagen er eit eiget aksjeselskap eigd og driven av NLM barnehage i Øygarden AS.

Barnehagen vert driven i samsvar med «lov om barnehagar» og etter utvida kristen formålsparagraf.