Glade barn i naturen

 

Toftøy barnehage grenser til naturskjønne omgjevnadar, og me har flotte turområder rett utanfor døra.
Me ynskjer at barna skal verte KJENT med, og GLAD i naturen.

Når barna vert glad i å vera ute i naturen, ynskjer dei og å ta vare på den.
Me vil bruke naturen til LEIK og AKTIVITET. Naturen skal vera ein læringsarena i barnehagen.
Gjennom dette satsingsområdet ynskjer me at barna skal få kunnskap om og erfare:

• Friluftsliv og uteliv

• Få erfaring med og kunnskap om dyr i naturen og grunnleggjande forståing for samspelet i naturen

• GLEDE ved å nytte naturen til utforsking og motoriske utfordringar. Samstundes vil me undre oss over alt det FANTASTISKE Gud har skapt i naturen.