Barnehagekvardag

Barnehagekvardag

Barna si medverknad

Barna skal få mulighet til å påverke sin eigen kvardag og barnehagen sitt fellesliv. Det enkelte barn skal ha innflyting både på kva som skal skje og korleis det skal gjennomførast.
Det handlar om og verte spurt, verte hørt og akseptert som kompetente små individ.
Som vaksne må me la oss påverke og godta at barna sjølv kan ha synspunkt på kva dei har behov for. Barndommen er viktig i seg sjølv, og ikkje berre eit forstadie til det vaksne liv. Barn er fullverdige menneske og har difor rett til å uttale seg om sin egen kvardag. Barndommen er ein livsfase med eigenverdi, i likhet med alle andre faser i mennesket sitt liv. Barna si mening skal takast hensyn til ut i frå alder og modning.
Barna skal oppleve at dei er med og påverkar eigen kvardag
•Vert tekne med på råd, planlegging og vurdering. •Verte møtt av vaksne som er open for barna sine innspel. •Ha rett til å utfalde seg sjølv, men samtidig lære å ta del i fellesskapet.