Skuleførebuing

Overgang barnehage skule

Forventningsfulle og undrande tek me fatt på det siste året i barnehagen. Barna møter lærerike og morosame opplevingar der tryggleik og sosial kompetanse er viktig. Å vere eldst i barnehagen er spesielt. Denne tida vert fylt med gode minner og førebuingar på møtet med ein litt annan kvardag.
Me samarbeida med skulen i nærmiljøet for å sikra ein mjuk overgang. Me veit mykje om kva som vert forventa av barna som starta på første trinn, og me vil bruke det siste barnehageåret til og forbereide barna best mogeleg.

KORLEIS GJER ME DET?

Barnehagen tilbyr å ha overgangssamtalar med skulen som barna skal byrje på. For at me skal kunne gjennomføre desse samtalane må foreldra gje sitt samtykke. Barnehagen avtalar med foreldra kva som skal førast vidare til skulen. Barn med særskilte behov får tilbod om ekstra samtale med skulen i forkant av overgangssamtalene. I barnehagen legg me grunnlaget for livslang læring. Gjennom lek og opplevingar stimulerer me til undring og evna til å søke kunnskap.