Song og musikk

Song og musikk skaper GLEDE hos både barn og vaksne. Song og musikk skaper eit fellesskap og passar for alle! Song er med på å forbetre språket og auke konsentrasjonsevna. Barna må konsentrere seg for å huske både tekst, rytme og melodi.
Å bruke instrument er med på å gjere songane og musikken meir spennande. Spesielt for dei eldre barna som lettare kan lære å følgje rytmen. Å gje barna ulike rytmeinstrument er med på utvikle barna sin rytmesans og å gje barn ei enda større oppleving av musikk.
Ved å bruke musikk i barnehagen, utvikla ein barna si evne til å lytte.
Rørsle og dans er med på å ivareta barnet sin rytmekjensle allereie frå barnet er født. Songar med rørsle er fine å bruke til små barn. Rørsle hjelper barna å lære songane raskare, og gjer at dei forstår enda meir av teksten. Det gjer det og lettar for yngre barn som ikkje snakkar, eller snakkar dårleg å vere med i songen. Rørsle gjer og songen meir underhaldande. Samtidig er det med på å trena kroppen sin motorikk